onsdag 21. mars 2007

Førde

Denne veka er mamma på skule i Førde, så då følger eg med på lasset. Eientleg var planen at tanta skulle passe meg medan mamma er på skulen, men så vart besta sjukemeldt. Tanta er nok berre glad for det, så slepp ho å bytte bleier på meg... I dag reiste eg og besta til Førde for å shoppe, så no har eg tatt buss for første gang! Skulle ønske mamma og pappa kunne ta meg med på bussen oftare, det var kjempekjekt! Masse blide folk som vinka og smilte til meg. Men jammen er det slitsomt å farte rundt, eg var klar til å møte sauen nesten før eg hadde klart å ete kveldsmaten min. Så no er det natta alle sammen (spesielt god nattaklem til pappaen min!!). I morgon er det ein ny dag med masse kos med besta :-)

2 kommentarer:

Unknown sa...

Pappa gleder seg til fredag, for da får han begge jentene sine tilbake!

Are sa...

"Vent til freda'n!"

..

"Freda'n sa jeg!"