måndag 15. oktober 2007

Barnehagen!!

I august var eg klar for barnehagen, vel nesten i alle fall... I byrjinga var eg veldig skeptisk, så det var jammen godt at mamma var med!! Ville heller leike med ho enn dei andre ungane. Etter kvar fann eg ut at det var litt kjekt å leike med dei òg, ikkje berre med mamma. Men jammen var det godt å ha ho der! Plutseleg fann ho ut at ho skulle gå medan eg var igjen, høyrt slikt tull? Ikkje kjekt i det heile tatt!! Eg grein så mykje at både eg og mamma fekk mageknip... mamma var så lei seg at ho måtte ringe til barnehagen for å høyre om eg hadde det bra, men då hadde eg alt gløymt ho:-) til pass åt ho!! No etter at dei første vekene er over, kosar eg meg masse. Har ikkje alltid tid til å gje kos før eg spring inn til dei andre ungane (spesielt når eg veit dei er på hopperommet!!), men når eg ser kor lei seg mamma og pappa blir, så sender eg eit slengkyss på veien ;-)

Noko av det fine med barnehagen er at eg lærer så mange morosame ting. Kvar månad lærer vi ein ny sang og regle, og så får vi høyre så mange fine eventyr. Spesielt godt likar eg sangane vi lærer, dei syng eg så ofte som eg berre kan :-) favoritten er definitivt "lille petter edderkopp" med "bæ, bæ lille lam" og "ai ai poff" (dersom det er nokon som er litt trege og ikkje skjønnar kva song dette er, så er det "når trollmor har lagt sine elleve små troll")tett etter. Spesietl kjekt er det nåe eg kan glede og overraske pappa og mamma med det eg lærer. Dei er litt trege av seg, så det tok litt tid før dei forstod kva eg meinar når eg seier/ ropar/syng "aia bann!" Til skjønnte tregingane at det er feber i byn og at gullet ska hem! Må jo vere med jo heie :-)Pappa vart litt bekymra og tok det opp i barnehagen ein dag han følgde meg...