søndag 30. september 2007

Endeleg tilbake!!

Heisann!
No er det lenge sidan eg har vore på nett, men endeleg er eg tilbake:-) Mykje har skjedd på denne tida, og her kjem ein kjapp oppdatering (bilder vil komme etter kvart)

I slutten av mai feirte eg 1 års dagen min med brask og bram to dagar til endes. Først var alt som kunne krype og gå av tanter, onklar og beseforeldre på besøk (også dei frå Sunnfjord!!)Kjempestas med så mykje oppmerksomhet på ein gong, berre meg og ein haug med voksne! Og så fekk eg berre så mykje papir eg kunne leike med, akuratt det eg ønskte meg ;-)Dagen derpå kom resten av gjengen, der var også Emma og Andreas med. Også den dagen fekk eg mykje fint papir, sjølv om eg trur pappa og mamma prøvde å vise meg alle tinga som følgde med på kjøpet... Og så hadde Astrid med skillingsbollar, ho meinte at barneselskap uten bollar ikkje går an. Heilt enig!!



Ellers har eg vore ein del på besøk både hos Farmor og Farfar og i Sunnfjord hos Besta, masse kos og masse oppmerksomhet!


I sommar var eg med mamma og pappa til Hellas i Sverre og Voula sitt bryllup. Det var kjempevarmt og eg gjekk berre rundt i bleie heile tida. Sånn skulle vi hatt det heime i Bergen! Bryllupet var supert, bortsett frå at det vart litt varmt i kirka, (måtte jo ha kjole på meg :-()så då måtte eg grine litt.Men etterpå var det berre kjekt, eg fekk masse god mat, åt opp nesten heile forretten for mamma! Etter maten meinte mamma at eg måtte sove, men det var eg ikkje einig i. Kan no ikkje sove når det skjer så mykje spennande. Så eg var våken til langt over midnatt :-)
Etter bryllupet reiste vi vidare til Zakynthos (anbefalt av Voula!!), der koste vi oss masse!! Bada kvar dag!!