måndag 26. mars 2007

Emma sin 1 års dag



I går feirte Emma 1 års dagen sin med brask og bram, og vi var sjølvsagt på plass med kjole og pakke.Eg har fått ein fin rød kjole av Emma, som eg tenkte ville passe ved ein slik anledning. Men når vi kom heim til Emma så hadde ho samme kjolen... På fest i samma kjole som bursdagsbarnet, kjempeflaut!! Synest eigentleg ikkje det :-) Alle sa at vi var sååå fine.

Lisbeth (mammaen til Emma ) diska opp med masse gode kaker til alle sin store glede;-) I alle fall dei voksne, vi ungane måtte nøye oss med "vanleg" mat som middag og frukt. Gledar meg til neste år, då er eg voksen og får sikkert lov av mamma og pappa til å ete kaker... Vel, uansett var det kjempekjekt å leike med dei andre ungane, sjølv om eg ikkje klarer å gå heilt enno. Emma har ein kjempefin rosa gåbil som eg fekk låne. Det var kjekt!! Etter kvart vart dei andre ungane og dei voksne så trøtte at dei måtte heim og sove. Men som dei festløvene vi er var eg, mamma og pappa igjen til slutt. Etter kvart nerma klokka seg seks, og det var på tide å komme seg heim til pysjen og sauen. Eg var så trøtt at eg sov heilt til klokka åtte i dag, noko både mamma og pappa var glade for.

Ikkje nok med at eg sov lenge i dag. Vi hadde besøk av farmor og farfar, det var kjempekjekt!! No er det jammen lenge sidan eg har sett dei. Eg vart så glad når dei kom at eg måtte vinke både med armar og føter. Og sidan det var så fint og varmt i sola sat vi lenge på verandaen og koste oss, nesten heilt til vi skulle på bading. Heldigvis hugsa mamma å pakke badebuksa mi i dag, so no vart det endeleg dukking på meg. Eg er berre så flink!! Farmor og Farfar var med og såg på, og eg vinka til dei frå vatnet :-) Men jammen er det slitsomt å ha det så kjekt om dagane, i dag sovna eg på fanget til pappa medan eg drakk frå flaska mi, eg merka ikkje ein gong at eg vart lagt i senga mi. Så drøm søtt alle sammen! Det gjer eg.

3 kommentarer:

Lisbeat sa...

Få'kke til å se vidoen..hm..vil se...

Are sa...

Tror muligens du har satt instillingene til "privat" uten å legge til alle oss som besøker denne siden. Lett for. Selv lar jeg mine filmer være offentlige, men med titler osv som "igyywgti7t7eygg98" slik at ingen finner dem ved søk..

Are sa...

Nå virker videoene helt fint (den ene er på høykant, men det går så bra så).